Soss, rockabillyer og rånarar i enorme mengder sette kvarandre stemne

Alle gamle rekordar vart slegne fyrste dagen i september 2021 .

Så mykje folk har det nok ikkje nokon gong tidlegare vore på Burud. Ikkje heller den gongen Heimevernet rådde grunnen. Dagens okkupasjon av Burud kan minne oss på at vår del av verden har vorte mykje betre på åttito år. Så lenge sidan er det nettopp i dag at tyskarane toga inn i Polen og starta det som skulle bli tragediar og lidingar utan sidestykkje. Hos oss rår ein fred og idyll som neppe kan finnas nokon annan plass i heile universet.


Å vere redaktør og få skrive om paradiset er ærefullt og  lærerikt. Ikkje minst er det stas at eg sjøl kan bestemme at det stundom skal brukast norsk sidemål. Kan hende er akkurat invitasjonen på nynorsk årsaka til at det kom så mykje folk. Ikkje veit eg...... På veg til Burud i dag lærde eg mykje om dei digre slåddene oppkalla etter Antoine Laumet de La Mothe, Sieur de Cadillac - mannen som etter sigande grunnla Detroit. Altså GMs premiummerke Cadillac. Eg låg bak ei slik snobbete vogn og fann ut at ei A-Ford egner seg mykje betre på fartshumpar. Cadillacar har overheng så svært som ein buss. Difor må det kjøyrast langsamt over kulane. Grueleg morosamt var det også å sjå bensina sprute ut or raua på bilen når han satte fart. Oppeten pakning i lokket var visst årsaka. Men flott å sjå på var det.


Som overskrifta fortell var det enorme mengder folk til stades denne dagen. Minst hundre motorsyklar, det var også minst hundre moderne bilar på plassen utafor gardane. Og to-trehundre stasvogner. Det var ein gjeng sossar med Austin Healey som svinsa rundt i skinnfrakkar og lukta billig parfyme, det var ekte og uekte rånarar, roddarar, bikkjer, ungar, kjerringer, møkkete og reine mannfolk. Me trur det var over seks hundre innom.


Ivar Engerud, motorjournalist og verdsvant gammalbilmann og medlem i vår klubb meiner det ikkje finst makan til stad nokon annan plass i Europa, kanskje ikkje i heile verda. Senteret vårt er så godt kjend og godt gjesta at me utropar oss til gamle Buskeruds nest største kulturarena. Blaafarveværket kan nok skryte av fleire besøkarar, men dei har ikkje opent året rundt som me har.


Pølsefolket – våre aller viktigaste funksjonærar kan melde om ny rekord i omsetning. Desse folka som veke etter veke arbeider så sveiten silar, dei bør vi ta ut på plassen og synge nasjonalsongen for. Mens vi alle bukker og neiar djupt. Utan bua og pølsefolket hadde nok ikkje suksessen vore slik den er.


Klubben fekk nyleg frå eit dødsbu ein Datsun Bluebird som skulle seljast til høgstbydande. Tom Bryhn som for månge år sidan tok handbrekksladd med ein likeeins bil i Hyggen og totalvraka, kjøpte den. Uvisst om me skal ynskje til lukke eller god betring.


Nytt denna dagen var utvidelse av parkeringsplassen. Ein del bilar blei sette utanfor den vante plassen. Detta er for å få plass til fleire og av bereidskapsårsakar. Brann er det me fryktar mest. Me må testa ut ulike vis å gjere dette på, men når den endelege formen har bltt funni vert det bra.


Takk til kvar og ein gjest for at de bidreg til desse uhorveleg trivlege kveldane. Takk for at de vel å eta middagen på Burud. Og takk til alle dykk som brukar fritida til å gjere det fint for alle som kjem innom.


Velkomen att neste onsdag alle som ein.