Me lodda ut regn og torever

Trekkinga er utsett

Mykje rart ein kan tene pengar på. Me selde lodd på ei regnskur i kveld. Månge sveitte folk handla i von om å vinne, men trekkinga er utsett eit par veker. Gevinsten er gjeve tå ein sliul med namn Martinsen frå Berglivegen. Same karen som krev likheit for målføra.

 

Den her onsdagen - 11. juli - vart like so heit som dei føregåande åtte onsdagane. Ikkje alle er ute og ferierar, vitjinga på Burud var framifrå også denna dagen. Det vart som vanleg selt pylser, vaflar og sodavatn over ein låg sko.

 

Sjå bileter frå kvelden her: