Kva får vaksne folk til å kaste seg i broki grytidleg på morgonen...

..og kjøyre femten mil for å sitta på ein parkeringsplass?

 

Ikkje det spor vanskeleg å svara på det. Det er rett og slett morosamt. Sosialt og koseleg. Vi starta frå Burud, femten stykkjer i bussen og to stykkjer i drosja. Kjørde i lag på koselege vegar mot Nesbyen. Stoppa litt her og der, Masse ulike folk i bussen, nokon skulle røykje, nokon skulle eta og nokon skulle pisse. Framme på stevneplassen i Nesbyen fekk me rigga oss te med telt, bord og stoler, kaffi, brødleiver, boller, kaker, sjokolade, øl og tobakk. Det her året vart det endå ein gong ny rekord, over 900 ulike kjøyrety. Frå mopedar til svære amerikanske lastebilar. Mange frå klubben var å sjå der dei snoka rundt mellom radene av flotte vogner. Det var oppvising av gamle fly i lufta, det vart starta små og store maskiner på bakken og det var konkurransar og ulodding mellom anna. Etter å ha floge rundt og glant nokre timar, slarva med kjendfolk og spist og drukke, fyra vi opp ved-åttaren og satte kursen mot storbyen att. På Gørsvik åt me middag ute i solsteika, sat der nesten to timar og kosa oss. Svært underleg at ikkje fleire blir med på dette. Neste år er me på veg att. (Nynorsk-veka er no over!)

 

Se bileter frå dagen her: